Dante Scott slit enno med mareritt om den gongen familien hans døydde. Dei blei brutalt drepne av ein motorsykkelgjeng. Då Dante blir med i CHERUB får han ein solid opplæring i å bli ein profesjonell agent. Fordelen til CHERUB-agentane er at dei vaksne ikkje har mistanke om at barn og ungdommar spionerer på dei. Dante blir med James og Laure Adams på eit oppdrag for å infiltrere motorsykkelklubben Brigands. Han er klar til å bruke alt han har lært, for å hemne seg på dei som drap familien hans. Spenning for mellom-/ungdomstrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.