Då ei omstridd gruve i Vevring blir opna kjem eit brutalt drap for dagen. Omtrent samstundes dukkar eit drapsoffer opp på botnen av Førdefjorden, like ved gruveanlegget. Politibetjent Rolf Randen blir ein sentral figur i etterforskinga. Journalist Karianne Grinde gjer sine eigne undersøkingar, og kjem slik på sporet av fleire andre dødsfall i distriktet. Er det samanheng mellom desse og dei to drapa i Vevring? Karianne blir ført tilbake til dramatiske hendingar under den bitre sjukehusstriden mellom byane Florø og Førde. Dette er den åttande boka i serien om Rolf Randen. Omtalen er utarbeidd av BS.