Forfattaren av boka vil her lære oss kunsten å lage mat for sjela. Han viser oss at om ein har sorg eller treng styrke, så hjelper eit godt måltid. Tigeren har kjærleikssorg og den vesle bjørnen veit råd, han lagar eplemos. Tigeren vert glad att, sorga er borte. Så tek han tigersykkelen og ut fer han og hos kolbrennaren får han mat for styrke, og den store bjørnen gjev han både forrett, hovudrett og etterrett. Etterpå tek han med seg heim ingrediensar som han skal lage mat av- til Maya Papaya som han elska så inderleg før. Rundt om i skogen vert det laga mat som ein smakar på og deler og skapar hygge og fest. Illustrasjonane er i tusj og akvarell. Dei er morosame og kler teksten. Den er sett med store typar. Samlaget, 1999.