Arkimedes og brødskiva

Bildebok  •  3 – 8 år

Arkimedes og brødskiva

Hans Sande

2000

Illustratør:
Gry Moursund
Del av Arkimedes

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

Evreka fortel her om faren sin, som ligg i badekaret og drøymer om å bli opfinnar. Etter ein samtale mellom far og dotter, prøver Evreka sjølv eit eksperiment. Det inneber ei luftreise for katten Arkimedes. Pappa blir sjokkert over resultatet, og Evreka må vera endå meir oppfinnsam for å kurere han. Ein humoristisk tekst glid i denne boka inn i ei frodig biletverd, der huset blir som ei scene for både mentale og fysiske krumspring. Kvardagslege gjenstandar og former deltek i eit spennande samspel med kvarandre og med teksten. Bileta følgjer teksten i hovudsak, men tilfører element som utvidar historien og hevar han. Eindimensjonale effektar kjem til sin rett i perspektiv og storleik, og penselføring og fargar skaper ein eigen intensitet i oppslaga. Tilsynelatande enkle og stilistiske bilete set kjensler og situasjonar i fokus på ein sterk måte og tek både barn og vaksne sine bilettolkande evner på alvor. Gyldendal Tiden, 2000.

Utgaver

Kontakt

Sandnes kommune
Ansvarlig redaktør: Trude Svanes
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram