16 år gamle Simon har blitt flytta til ein ny fosterheim i ein liten dal på Vestlandet. Han trur han skal få ein lett match med å hevde seg her, men ting utviklar seg annleis enn han trur. William og Samuel har barka saman, og dei gjer seg fader ikkje heller. Dei snøftar og slår og dundrar laus på kvarandre. Dei er langt inne i ein sinnsvak rus av sprit og raseri. Tilstanden deira er i eit mørke bortanfor alt. Der ein har gløymt alle reglar og all folkeskikk. Dette er ein historie om unge menneske som på ulikt vis kjenner seg utanfor og annleis. Det er ei dramatisk historie om svik og lojalitet, posisjonering og sosialt spel. Forteljing for ungdomstrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.