Alfred Bamse bæsjar

6 – 10 år

Alfred Bamse bæsjar

Kurt Rutledal

2018

Del av Alfred bamse

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

  • Sanitærteknikk
  • Avføring
  • Kloakk
Alfred Bamse et opp ei stor skål med jordbær og får kraftig magesjau. Under eit langvarig dobesøk grublar han på kva som skjer frå maten kjem inn i munnen til bæsjen kjem ut av rumpa, og kor det eigentleg blir av det som forsvinn ned i do. Alfred bestemmer seg for å forske på dette, og tek som vanleg med seg manageren sin når han prøver å finne ut korleis bæsj kan brukast til noko nyttig. Han følgjer stega bæsjen må gjennom for å bli til fin plantejord eller biogass, samt forskar på korleis vatn blir reinsa før det kjem ut som reint drikkevatn i springen. Alfred lærer òg om kva som er lurt å ete for at magen skal fungere fint, litt om gjenbruk av matavfall med meire. Bli med Alfred Bamse når han møter folk og maskiner som er ekspertar på å bruke bæsj til nyttige ting. Sakprosa for småskole-/mellomtrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.

Utgaver