Korleis vert det norske rettssystemet endra av kunstig intelligens? Frå 1983 vart norsk rett digitalisert, og i dag dominerer digital rett totalt. Det vil seia at lover, høgsterettsdommar og juridisk litteratur vert søkt opp på internett og lest på ein datamaskin. Digitaliseringa av norsk rett har no kome så langt at sjølv grunnleggjande strukturar som rettferdsidealet og juridisk metode òg er i endring, og rettsstaten står ovanfor store utfordringar. I 1000 år med norsk rettshistorie er tema korleis norsk rett har vorte endra av ny kommunikasjonsteknologi det siste millenniet. Kva skjedde då norsk rett gjekk frå å vera munnleg til skriftleg på 1100- og 1200-talet, då den handskrivne retten vart erstatta av trykt rett på 1600- og 1700-talet, og kva skjer i dag når norsk rett går frå å vera trykt til digital? Formålet med boka er å sjå kva vi kan læra av historia når vi i dag står ovanfor store og uoversiktlege endringar. Ikkje minst utforskar boka korleis rettstryggleik og rettsstaten kan sikrast ved hjelp av den nye kommunikasjonsteknologien, mellom anna for å unngå ei ny NAV-sak.