Omslag: "Kleda er gjennomvåte" av Erlend Skjetne
Bok
Voksne

Kleda er gjennomvåte

Erlend Skjetne
Selvmord
Reserver

Sterkt frå ein sons perspektiv om å miste faren til sjølvmord.

Gjennom denne romanen får du innblikk i ein barndom prega av skilsmisse, krevjande stemor, religion, bygdeliv og psykisk sjukdom hos forelder. Ei trist og sår historie, men som samtidig ber med seg sterk kjærleik.

Språket er poetisk, vakkert og personleg. Dette er ein fantastisk debutroman som kjem til å sitte i deg lenge.

Om boken

Ein ung gutt veks opp saman med to sysken og ein far som er overtydd pinsevenn og kjent i bygda som velgjerar. Faren blanserer på den skjøre grensa mellom godhjarta galskap og botnlaust mørke, og driver inn i ein alvorleg sinnsliding med eit tragisk utfall. Den unge guten er ein talenfull bridgespelar, og han vernar seg mot den ulykkelege situasjonen med mørk humor og kortspel. Erlend Skjetne blei nominert til Tarjei Vesaas debutantpris 2020 for diktsamlinga Skard. Kleda er gjennomvåte er forfattaren sin debutroman. Omtalen er utarbeidd av BS.

Kleda er gjennomvåte | Sandnes bibliotek