Litt.Sandnes
Litt.Sandnes er Sandnes bibliotek sin litterære festival, som har blitt arrangert siden 2015.
Litt.Sandnes starta med ønske om å formidle spennande kulturuttrykk og aktuelle samfunnsrelaterte tema i ulike formar. Gjennom åra har festivalen vore ein arena for samtalar om skjønnlitterære forteljingar, sakprosa-relaterte føredrag, paneldiskisjonar om litteratur og samfunn, og det har også vore innslag av musikkveldar, teater og meir.
I tillegg har me eigen barnefestival som heiter Bitte.Litt, som ofte har kjekke tema med relaterte arrangement og aktivitetar.
Samarbeid og støtte
Litt.Sandnes hadde ikkje vore same gode arrangement utan engasjement og hjelp frå ei rekke samarbeidspartnarar og støtte. Nå takkar me Sandnesposten for støtte til festivalen og Sandnes kulturhus og Drøøs for lån av lokale. Tidlegare har det også vore samarbeid med Sandnes Brygge, Vitenfabrikken, Restaurant Fira, BådeOg, Vatne Bokhandel og Melkebaren, samt så har me mottatt økonomisk støtte frå Nasjonalbiblioteket, Rogaland fylkesbibliotek og Sandnes Sparebank.