Dikt • Voksne
Eg er ingen mordar
Lån boka
Tilgjengelig på nynorsk:
Anbefaling fra biblioteket
Kva skjer når poesi får deg til å le høgt?
Iris Toresdottir
Sandnes bibliotek
Eg er ingen mordar er ei morosam, absurd og leikande diktsamling som samstundes er klok og tankevekkjande.
Eg likar korleis forfattaren skriv konseptuelt, snur opp ned på klisjear og utfordrar det me menneske ofte tek for gitt – utan at teksten blir tung eller utilgjengeleg.
Dette er ei smart og underhaldande diktsamling for både poesielskarar og for dei som trur dei ikkje likar dikt.

Om boka
Eg er ingen mordar av den svenske poeten UKON er skriven med like store delar fortviling som godt humør. Det handlar om vald, aldring og dødsdrift. Det handlar om mamma, halvfabrikat og uventa perspektivforskyvingar.Ulf Karl Olov Nilsson (f. 1965), også kalla UKON, er ein svensk poet, psykoanalytikar og omsetjar. Han debuterte i 1990 med diktsamlinga Kung-Kung, slo gjennom med samlinga Stammar i 2002, romandebuterte i 2014 med Jag befinner mig i ett överflöd av kärlek, og har også utgitt fleire essaybøker. Med Eg er ingen mordar blir eit verk av UKON for første gong gitt ut i sin heilskap på norsk.
Utgaver