Starten på boka kan kanskje opplevast litt tung, med mange uvante namn, kallenamn, stadnamn og historiske fakta. Dei dramatiske hendingane og Arvola sine gode skildringar gjer likevel at boka har godt driv og at ein får lyst å lesa vidare. Det gjer inntrykk å lesa om kor hardt og ubarmhjertig livet var lengst nord i Noreg på 1800-tallet. Her er det store kontrastar - liv og død, kjærleik og hat, medgang og motgang. Forfatteran viser stor innsikt i kultur, levemåte, folketru og natur. Relasjonar og kjensler er godt og truverdig skildra. Ei innhaldsrik bok på mange vis!