Pappa var nesten på Woodstock tar opp viktige tema som oppvekst, venskap, tilgiving og sorg. Begge hovudkarakerane slit med sitt, og ein heier på begge to: at Ruby skal bli gravid, at Theis skal få det betre med seg sjølv, og at dei får til eit godt forhold. Men livet er ikkje så lett.
Berre dei første kapitla er nok til å gripe fatt i kjensla mine: eg blir både rørt, oppgitt, trist og glad, og får lyst til å gje både Ruby og Theis ein god klem.