Eskil Skjeldal var tidlegare prest, doktogradsstipendiat i teologi og hadde nettopp konvertert til katolisismen. Så slutta trua på Gud å gje meining for han. Det han i alle år hadde levd livet sitt etter ga ikkje lenger styrke, men blei ei byrde. Dette er ei bok om ei livskrise, om ein eksistensiell og intellektuell kamp som fører til erkjenninga om at Gud kanskje ikkje fins, at religion kanskje berre er ein fiksjon. Teksten tar lesaren med inn i ei tid då trua glepp, midt under ei skilsmisse. Kva skulle Eskil Skjeldal no tenke om seg sjølv, om røynda og om korleis han burde leve? Omtalen er utarbeidd av BS.