Les nynorsk i nynorskveka!
Motivert for å lese meir nynorsk? Bli med på feiringa av nynorskveka. Løp og lån!
12. mai 1885 var dagen for det historiske jamstillingsvedtaket der nynorsk fekk sin ordentlige plass i det norske språket. Nå markerast nynorsken med ei heil veke, frå 6.-12. mai. Nynorsk er eit vakkert språk å lese på, og her er eit utval fantastiske bøker du kan lese for denne anledninga.
Ansatt
Sandnes bibliotek
- Bok
- Lydbok
Du er så lys : roman
Tore RenbergDei nye naboane til Jørgen og Vibeke er kjekke, men det er noko spesielt ved Steinar og ei uro veks.
- Bok
Kvar dag skal vi vere så modige : roman
Brynjulf Jung TjønnDenne boka handlar om dei som har det vanskeleg, dei vi overser, og om dei som plutseleg bryr seg.
- Illustrert verk
Go to gate
Andreas HellandBli med på ei reise til flyplassar, turar og luftromma mellom. Korte prosatekster og dikt, og bilde.
- Bok
Dei sju dørene : roman
Agnes RavatnLeigebuaren til Nina forsvinn, og ho prøver å leite. Dette vil få store konsekvensar.
- Bok
Uønska åtferd : roman
Olaug NilssenSonen til Katrine er psykisk utviklingshemma, og det går utover ektemannen, dottera og henne sjølv.
- Bok
Ida i Italia : roman
Ingrid Zachariassen AanestadPortrett av ein kunstnar som ung kvinne, og ein klassisk danningsroman i ei stram og moderne form.
- Bok
Olav H. Hauges vakraste dikt
Olav H. HaugeOlav H. Hauge er ein av dei største innan norsk og nordisk poesi. Her er dei vakraste dikta samla.
- Bok
- Lydbok
Morgon og kveld : romaner
Jon FosseMellom fødsel og død spenner denne konsentrert komponerte romanen seg ut i stort format.
- Bok
Dei tilsette
Olga RavnDystopi om framtida på jorda, og om bioteknologi, KI, klima, og det å vere eit menneske.
- Bok
Fallesjuke
Randi FuglehaugFallskjermhopparen Veslemøy døyr under Ekstemsportveko, for nokon har tukla med fallskjermen hennar.
- Bok
Nynorsk for dumskallar
Kristin FridtunIkkje heilt stødig i grammatikken? Få ei kort og effektiv innføring her.
- Bok
- Lydbok
Frankenstein, eller Den moderne Prometevs
Mary Wollstonecraft ShelleyDen klassiske gotiske sci-fci romanen kan nå lesast på nynorsk.
- Bok
Vi er brødrene Eikemo : roman
Marit EikemoPersonleg og sjarmerande historie om forfattarens far og hans fem brødre. Humor, alvor og kjærleik.
- Bok
Bomullsengelen : roman
Susanna AlakoskiOm krig og fred, kjærleik og venskap, der kvardagsliv og verdspolitikk er trådar i same veven.
- Bok
Stjernefallet : roman
Magnhild BruheimEva Lindbo var ei stor stjerne, men trakk seg brått frå rampelyset. Så døyr ho på mystisk vis.
- Bok
Fiskehuset : roman
Stein Torleif BjellaIvar på 79 og nevø Jon på 47 drar på fisketur og snakkar om kva som må til i livet.
- Bok
Odelsskam : å gje slepp på ein gard etter femten generasjonar
Maria LavikMaria skildrer oppveksten på eit småbruk, og om det usikre framtidsvalet mellom by og bygd.
- Bok
Du er bonde : roman
Kristin Auestad DanielsenI Gjesdal driv to jenter gard. Ho eine lanserer tanken om antidrift som gir store konsekvensar.
- Bok
Ferjefolket : storm og stille, fest og fødslar, kjærleik og kø
Halvor FolgerøFerjene held Vestlandet saman, og her får du fleire ulike historiar om turar frå heile landsdelen.