Frøpakking og planting
Verksted og kreativitet
For alle
Bli med og pakk frø til frøbiblioteket!
Gratis - ingen påmelding
Velkommen til plantedrøs og kaffikos der me gjer klart årets frøbibliotek her på biblioteket. I tillegg til å pakke frø til dette blir det og moglegheit for å så physalis- og blodbegerfrø som du kan ta med heim og dyrke vidare.
Alt av materiale blir ordna, men ta gjerne med nokre frø å dele vidare viss du har og vil.
///
Frøbiblioteket vår har verkeleg vakse dei siste par åra, og i fjor vart det "lånt" ut over 1000 frøposer! Konseptet er berre det at ein kan kome innom og hente frø frå samlinga som ein ønsker. Du treng ikkje lånekort, men me håper på donasjonar tilbake frå dei som har det. Frøbiblioteket står i 3. etasje.