Forfattarmøte med Tore Renberg
Velkommen til ein time med mannen som har gitt oss så mykje å le, gråte og undrast over sidan 1995.
Arrangementet krever billett
Kvifor seier Tore Renberg at viss han ikkje skriv, så døyr han? Korleis dukkar karakterane hans opp; Tollak, Hillevågsgjengen, Anna Voigt? Kvifor kallar han seg sjølv ein litterær omsorgsarbeidar?
Det blir eit interessant føredrag her på biblioteket med forfattaren bak blant anna dei kjente bøkene om Jarle Klepp, den nye kritikarroste Lorden, den omfattande historiske romanen Lungeflyteprøven, og dei elleville romanane om Hillevågsgjengen.
Det blir boksal, signering og moglegheitar for spørsmål frå salen.
Arrangementet er ein del av forfattarturneen som Rogaland fylkeskommune står bak. Billettpris er 100 kr.
Relatert litteratur
Mannen som elsket Yngve
Tore Renberg
Tollak til Ingeborg
Tore Renberg
Du er så lys
Tore Renberg
Skada gods
Tore Renberg
Lungeflyteprøven
Tore Renberg
Lorden
Tore Renberg