Omslag: "Tynne rivner av lys : roman" av Anne-Lise Frøland
Bok
Voksne

Tynne rivner av lys

Anne-Lise Frøland
Psykisk helse : sosial velferdGårdsbrukParforhold
Romaner
Reserver

Eit ungt par overtar familiegarden. Kan det bli redninga, eller det som riv de frå kvarandre?

Forfattaren har skrive ein imponerande debut som skildrar gardsliv, kjærleik og psykisk helse med både omtanke og rå realisme. Eg liker korleis historia blir vevd saman gjennom tilbakeblikk, og korleis språket er så sanseleg at ein kjenner lukta av fjøset og tyngda av arbeidet.

Dette er ein original, drivande og sterk forteljing om å stå nær nokon som slit, og om kva som kan skje når ein vel å skimte lyset gjennom alt det mørke.

Om boken

Du må lære meg alt. Solveig og Vegard tek over garden til foreldra hans etter at faren får slag. Det er ei avgjerd som tvingar seg fram under dramatiske omstende, men Solveig, som ikkje har gardserfaring, kjenner seg likevel trygg på at dei har gjort det rette. Ho legg merke til ei endring i Vegard. I fjøset er han ikkje redd. Og frå utsida ser den vesle mjølkegarden riktig så idyllisk ut. På nabogarden bur barndomskompisen Sveinung, som har lagt over til moderne lausdrift for lenge sidan. Sveinung er stadig innom etter at dei overtek, både Vegard og Solveig trivst godt i selskapet hans. Gradvis blir likevel besøka færre. Solveig stansar han ute på trappa, ho har lovt Vegard å halde tett. Vegard treng hjelp, og Solveig er fast i trua på at ho skal klare å hjelpe han. Aleine. Tynne rivner av lys er ein roman om kor vanskeleg det er å hjelpe nokon som ikkje vil ha hjelp, om psykisk uhelse blant bønder, og om korleis også håp og optimisme kan få fatale følgjer.

Tynne rivner av lys : roman | Sandnes bibliotek