Til leseforslag
Omslag: "Kvit, norsk mann : dikt" av Brynjulf Jung Tjønn
UngdomVoksne

Kvit, norsk mann

Brynjulf Jung Tjønn

DiktAdoptivbarnRasismeNorgeFlerkulturelle
Bestill

Anbefaling

Sterk og personleg om kvardagsrasisme

Brynjulf Jung Tjønn er norsk, men det har ikkje alltid folk latt han føle seg som. Gjennom denne gripande og sårbare diktsamlinga får du verkeleg reflektert over dei ulike fordommane som finst i samfunnet. Spesielt sterke er dikta som fokuserer på ofre bak rasistisk motiverte drap i landet.

Denne boka er for dei som kan kjenne seg igjen i å vere annleis, for dei som treng å bli merksam på kor vonde spørsmåla «men kvar er du eigentleg frå?» er, og for alle som berre vil lese ei svært god og viktig diktbok.

Om boken

Kvit, norsk mann er ei samling vonde og kloke - men tidvis også morosame - dikt om norsk oppvekst og norsk rasisme. Korleis er det for eit adoptivbarn å kome til Norge som ei reserveløysing, eit gjenbruksbarn som blir odelsgut? Det hadde vore enklare om han var ein kvit, norsk mann. Då ville ikkje born ropt ching-chong-kinamann etter han. Eller folk lurt på kor han eigentleg kjem frå. Kvit, norsk mann byggjar på forfattaren sine eigne erfaringar, men rettar seg til eit heilt land av lesande og nysgjerrige menneske. Tekstane trekkjer også forbindelsar til andre, liknande forteljingar - og set vår samtid og kultur under lupen. Gjennom livet har forfattaren blitt minna på at han ikkje er norsk nok. Er han det no? Når blir han det? Og korleis ser framtida ut for hans eigne barn? Kven blir forfattaren og barna hans når den norske garden dei har arva må seljast?