Omslag: "In memoriam" av Alice Winn
Voksne

In memoriam

Alice Winn

Historiske fortellingar RomanarHomofile Kjærleik
Bestill

Anbefaling

Ei gripande skeiv kjærleikshistorie under første verdskrig

In Memoriam er ei unik fortelling som kombinerer brutale skildringar av første verdskrig samtidig som du blir engasjert inn i den forbudte, men fine, kjærleiken mellom Gaunt og Ellwood.

Boka har eit rikt persongalleri av unge soldatar, og du sit ofte med hjartet i halsen om korleis skjebnen utspeler seg for kvar og ein av dei.

Det er både ei vond, spennande og rørande bok, og det er absolutt på tide at det kom ei slik kjærleikshistorie frå krigen.

Om boken

Året er 1914 og for Henry Gaunt, Sidney Ellwood og resten av klassekameratane kjennest krigen langt unna der dei sit trygt forankra på ein internatskule på den engelske landsbygda. Som syttenåringar er dei for unge til å verve seg. Uansett kjempar Gaunt sin eigen private kamp; ein altoppslukande forelsking i sin beste venn, den draumande og poetiske Ellwood – utan å vite at Ellwood alltid har vore forelska i han. Når Gaunts tyske mor ber han om å verve seg som offiser i den britiske hæren for å beskytte familien mot anti-tyske angrep, melder Gaunt seg rett til teneste og Elwood blir med han. I skyttergravene finn Gaunt og Elwood trøst i kvarandre, mens vennane døyr rett foran dei. In Memoriam er ei episk fortelling om kor grusom krigen er, men også ei historie om den forbudte romantikken som blomstrar i hans grep.