Kor mykje vondskap kan eit menneske tole?
Og kor mykje brutalitet kan ein lesar tole? Denne romanen er ikkje som andre du har lese.
Tematisk er boka noko av det mest krevjande eg har lese. Ho utfordrar grensene mellom det groteske og det litterære, og teiknar eit urovekkjande bilde av kva eit menneske kan vere. Samstundes er ho stramt komponert og ein fryd å lese reint språkleg. Tør du lese boka, kjem du aldri til å gløyme henne.
Iris Toresdottir
Sandnes bibliotek
Om boken
Foreldra døyr, og tvillingane Våle og Rind må flytte til besteforeldra. Besten er grufull, besta kraftlaus. I ura over garden deira bur ein svanger jerv. Ho kjenner raseriet vekse. Alt et er ein mørk og grensesprengjande roman om destruktive krefter, trolldom, hamskifte og hemn.