Har du lyst til å hjelpa kidsa med koding? Me treng fleire frivillige til kodeklubben vår.

Til våren arrangerer me kurs i Scratch og forhåpentlegvis micro:bit Blocks og micro:bit Python. Me treng fleire rettleiarar både til desse kursa og kanskje med tanke på å setta opp fleire kurs i andre programmeringsspråk i framtida. Det er ikkje forventa at ein er ein kode-guru på førehand. Interessen og ei vilje til å læra og delta er det viktigaste!

Det heile går på dugnad, men me pleier å ha eit avslutnings- og oppsummeringsmøte kor me spanderar pizza.

Kodeklubben er normalt på torsdager, mellom klokka 17:00 og 18:30. I vår startar me opp etter vinterferien, torsdag 07.03.

Er du interessert, meld din interesse via skjemaet på denne lenken eller til geir.bergstrom@sandnes.kommune.no, med namn, e-post og kva kurs du kan tenka deg å delta på som rettleiar!

Translate »
Click to listen highlighted text!