Det mørke Tyskland : ei reise blant høgreekstremistar

Share on facebook
Share on twitter
Share on email
Share on print

Historikar Astrid Sverresdotter Dypvik skriv i denne boka om høgreekstremistar i dagens Tyskland. Under flyktningekrisa i 2015 tok Tyskland imot fleire hundre tusen flyktningar. Ved neste val auka oppslutninga for partiet AfD, Alternative für Deutschland, enormt, og den tyske Forbundsdagen fekk for første gong på fleire tiår inn eit ytre-høgre-parti. Dette har eg fått med meg via mediene, men boka gir oss eit innblikk i kva som ligg bak.

Dypvik skriv om AfD og høgrevridde organisasjonar som for eksempel Pegida. Ho har reist rundt og møtt fleire av dei leiande personane i desse organisasjonane, ofte i forbindelse med demonstrasjonar og møte. Her har ho også snakka med personar som deltek, folk som er støttespelarar eller medlemmar. Eg meiner det er dette som gjer at bøkene hennar er interessante for eit breitt publikum, at ho gir oss direkte kontakt med menneska som er involverte, men samtidig formidlar sak-kunnskapen.

Forfattaren har tidlegare gitt ut bøkene Det var DDR : forteljingar om eit nedlagt land og Berlinhistorier : kald krig i den delte byen. Denne gongen er det altså frå det nåverande Tyskland. Men fortida, og overgangen frå to til eitt land, er ikkje uvesentleg. Det var ikkje ei samanslåing, men ei overtaking, skriv Dypvik. Alt det gamle, alt folk i aust var opplært til å tro var rett, var nå feil. Halvparten av industriarbeidsplassane forsvann. I dag har to av tre toppleiarar i aust bakgrunn frå vest. Ingen av dei 30 største selskapa i Tyskland har hovudsete i aust. Lønsnivået i aust er lågare enn i vest, også i offentleg sektor. Arbeidsløysa er dobbelt så høg i aust. I dei austlege delstatane seier fleirtalet at dei føler seg framande i eige land. Dei føler seg som andrerangs borgarar.

Dypvik viser til ein rapport som hevdar at misnøye med eigen livssituasjon er ei sentral drivkraft for å stemma på AfD. AfD-veljaren er langt over gjennomsnittet uroa for framtida. Han har ei kjensle av avmakt, og frykt for å rykke ned sosialt og økonomisk. Ein annan stad i boka står det at jo meir uroa ein er over innvandring, jo større er sjansen for å stemma AfD.

Som ein kan lesa i fleire bokmeldingar, så skrapar boka berre i overflata, men det er ei svært interessant innføring i eit komplekst tema, som ikkje berre er aktuelt i Tyskland.

 

Du kan sjå om boka er ledig, samt reservera her.

 

Skrive av Silje

 

 

Åpningstider hovedbiblioteket

Biblioteket er betjent:
Mandag – torsdag: 10:00 – 19:00
Fredag: 10:00 – 16:00
Lørdag: 10:00 – 14:00

Meråpent:
Mandag-søndag: 09:00 – 22:00

For adgang til meråpent bibliotek må du først signere kontrakt.

Åpningstider Forsand

Biblioteket er betjent:
Tirsdag: 16:00 – 19:00
Torsdag: 09:00 – 15:00

Meråpent:
Mandag-fredag: 08:00 – 22:00
Lørdag-søndag: 09:00 – 17:00

For adgang til meråpent bibliotek må du først signere kontrakt.

Åpningstider Høle

Biblioteket er betjent:
Mandag 17:00-19:00
Onsdag 10:00-13:00
Torsdag 17:00-19:00

Meråpent:
Mandag-fredag 13:00-22:00
Lørdag-søndag 10:00-16:00

For adgang til meråpent bibliotek må du først signere kontrakt.

Åpningstider Riska

Mandag: Stengt (kun skolebibliotek)
Tirsdag 10 – 19
Onsdag 10 – 14
Torsdag 10 – 19
Fredag 10 – 14

Særskilte åpningstider 2021

Endringer fra vanlige åpningstider

Hovedbiblioteket
  • 1. mai – Kun meråpent
  • 12. mai – Hovedbiblioteket betjent, 10-16.
  • 13. mai – Kun meråpent
  • 17. mai – Kun meråpent
  • 22. mai – Kun meråpent
  • 24. mai – Kun meråpent
  • 12. juli – 7. august – Sommeråpningstider ved hovedbiblioteket, betjent mandag 12-19, tirsdag-fredag 10-16, lørdag 10-14. Meråpent etter vanlige tider.
  • 24. – 26. desember – Kun meråpent
  • 27. – 30. desember – Hovedbiblioteket betjent, 10-16
  • 31. desember – Kun meråpent
  •  
Forsand
  • 13. mai – Kun meråpent
  • 17. mai – Kun meråpent
  • 24. mai – Kun meråpent
  • 21. juni – 15. august – Sommeråpningstider ved Forsand bibliotek, kun betjent torsdager 9-15. Meråpent etter vanlige tider.
  • 23. – 31. desember – Kun meråpent.
Høle
  • 13. mai – Kun meråpent
  • 17. mai – Kun meråpent
  • 24. mai – Kun meråpent
  • 12. juli – 7. august – Sommeråpningstider ved Høle bibliotek, kun betjent onsdager 10-13. Meråpent etter vanlige tider. 
  • 23. – 31. desember – Kun meråpent.
Riska
  • 13. mai – Stengt
  • 17. mai – Stengt
  • 24. mai – Stengt
  • 21. juni – 17. august – Sommeråpningstider ved Riska bibliotek, Mandag stengt, tirsdag 10-16, onsdag 10-14, torsdag 10-16, fredag 10-14.
  • 11. – 17. oktober – Reduserte åpningstider ved Riska bibliotek grunnet skolens høstferie, Mandag stengt, tirsdag 10-16, onsdag 10-14, torsdag 10-16, fredag 10-14.
  • 23. – 31. desember – Julestengt ved Riska bibliotek
  •