Akkurat no har biblioteket ein 3D printer me lånar ifrå Fylkesbiblioteket. Me har alt hatt eit vellykka kurs og kjem til å ha iallfall eitt til, men me håpar at dei av dykk som ikkje har moglegheit til å komma på kurs også skal få ein sjans til å bruka maskinen. Her følgjer eit lite skriv om koss du går fram med å teikna i 3D, kva filer me treng, og litt dømer på kva me kjem til å skriva ut.

Alt av programvare er gratis.

Det enklaste programmet me veit om er Tinkercad. Dette finner ein på https://tinkercad.com og treng ikkje å lastast ned; ein må kun oppretta ein konto, noko som er heilt gratis. Dei har også veldig greie hjelpesider: https://www.tinkercad.com/learn/#/learn/designs.

Skrivaren vår bruker filer av typen STL. Desse kan du senda til oss per e-post (biblioteket@sandnes.kommune.no) eller kjema innom med ein minnepenn.

Det er nokre ting som er viktige å huska på.

1) Kun ein figur per fil

2) Skrivaren vår kan ikkje overvinna tyngdekrafta, så pass på at figuren ikkje har delar som svevar i lause lufta og heller ikkje treng så altfor mykje støtte. Skrivaren skriv ut lag etter lag og kvart lag treng eit lag å støtta seg på.

3) Pass på at figuren ikkje er så altfor stor eller komplisert. Me håper så mange som mogleg skal få ein sjanse til å skriva ut.

Forslag til utskrifter er små reservedeler, bokmerker, nøkkelringer, spillebrikker, osv., men ikkje vær redd for å vera kreativ!

Du kan melda deg på workshop i 3D-teikning og print på biblioteket 6. september ved å følgje lenka: https://sandnesbibliotek.no/detskjer/

Translate »
Click to listen highlighted text!